Korleis samanlikne straumavtalar?

Som forbrukar kan valg av straumavtalar vera ei utfordring, fordi utvalet av straumleverandørar og avtalar er stort. Her er ein oversikt over dei vanlegaste straumavtalane.

Sjølv om det er mange ulike straumavtalar, kan dei i hovudsak delast inn i tre kategoriar:

  • Avtalar som følgjer markedet (innkjøpspris/spotpris)
  • Avtalar som fastset prisen for ein kortare periode (variabel pris)
  • Avtalar som har ein fastsett pris for ein lengre periode (fastpris)

Innkjøpspris/Spotpris

Dette er den vanlegaste avtaletypen, som ifølgje Forbrukerrådet vert brukt av omlag 60 prosent av straumkundane. Slike straumavtalar inneber at du betaler det same som straumleverandøren din for straumen. Det som kjem i tillegg er eit månadsbeløp og eit påslag.

Variabel pris

Ein variabel straumavtale gir større forutsigbarhet for korleis straumprisane vert framover. Prisen vert fastsett for ein kortare periode, normalt 14 dagar, slik at du slepp å oppleve hyppige prisendringar.

Fastpris

Med ein fastprisavtale vert straumprisen fastsett for ein lengre periode, til dømes eitt år eller fleire år. Dette kan samanliknast med ei fast rente i banken. Det gir deg forutsigbarhet, men vil truleg gi høgare prisar enn å følgje prisane i marknaden.

 

Gasta Design