Flytting

Eg flyttar inn

Dersom du nyleg har flytta, og ønskjer kraft frå oss frå innflyttingsdato, brukar du bestillingskjema for flytting. Dette forutset av at du ikkje har bestilt kraft hos ein annan kraftleverandør før oss, og at du bestiller innan 30 dager etter innflytting. Har du bestilt kraft frå ein annan leverandør og ønskjer å bytte til oss, brukar du skjema for leverandørbytte.

Eg flyttar ut

Dersom du skal flytte frå bustaden din må du gi beskjed til din lokale netteigar. Dei sender oss automatisk ei melding om dette, slik at vi avsluttar din kraftavtale hos oss. Hugs å gi oss melding om din nye postadresse.

For å fortsette med oss som kraftleverandør på ny adresse må du legge inn ei ny bestilling eller kontakte oss. For å legge inn en ny bestilling brukar du bestillingskjema for flytting. Velgjer du å kontakte oss på kraft@fitjar-kraftlag.no ,sender du oss den nye adressa, innflytningsdato/startdato for nettleigeavtale, målepunktID og kva for ein kraftavtale du ønskjer. Det er viktig at vi får oppgitt samme dato som netteigar har registrert i sitt system.

Har du andre spørsmål om flytting kan du enkelt sende oss en epost som vi svarer på innan eit par dagar.

Kvar finn eg MålepunktID?

MålepunktID er eit unikt identifikasjonsnummer til straummålaren din. MålepunktID består av 10 +8 siffer, og startar alltid med 7070575000. Det er dei 8 siste siffera som er unike for ditt målepunktID. Nokon netteigarar oppgir berre dei siste 8 unike siffera.

MålepunktID finn du på ein faktura eller andre informasjonskriv frå netteigar. Har du ikkje har mottatt noko frå netteigar, må du ta kontakt med dei for å få oppgitt målepunktID.

Du vil ikke finne målepunktID i sikringsskapet.

Gasta Design