Mitt kundeforhold

Svar på ofte stilte spørsmål om mitt kundeforhold

Kvar kan eg finne informasjon om mitt kundeforhold?

Svar: For å sjå kundeopplysningane dine kan du logge deg inn på Min Side. Du loggar inn med kundenummer og målepunktID.

Eg har gløymt innloggingsinformasjonen min, kva gjer eg?

Svar: Kundenummer og målepunktID (8 siffer) står på den siste fakturaen du mottok frå oss. Er du usikker på innloggingsinformasjonen din er det berre å ta kontakt med oss på kraft@fitjar-kraftlag.no eller telefon 53 45 76 05.

Korleis kan eg endre kontaktinformasjonen min?

Svar: Du kan enkelt endre kontaktinformasjonen din på Min Side eller kontakte oss på kraft@fitjar-kraftlag.no, så endrar vi det for deg.

Eg skal flytte. Korleis seier eg opp abonnementet mitt?

Svar: For å sei opp kraftavtalen din når du skal flytte frå ei adresse må du ta kontakt med netteigaren din. Vi mottar automatisk ei melding frå dei om å stoppe kraftleveransen din. Pass på at du ikkje har ein kraftavtale med bindingstid. Bestiller du kraft frå ein annan leverandør vil vi automatisk få melding frå netteigaren din om dette, og abonnementet ditt vert automatisk avslutta hos oss samme dag som ditt nye abonnement startar.

Gasta Design