Om straum og forbruk

Straumsparetips

  • Bytt til sparedusj.
  • Bytt til sparepærer og slå av lyset i rom du ikkje brukar.
  • Reduser bruk av tørketrommel og tørkeskap.
  • Fyll oppvask- og vaskemaskinar heilt opp.
  • Velg energieffektive elektriske apparat (merka med A).
  • Luft kort og effektivt i staden for å la vindauga stå på gløtt.
  • Montér termostat for styring av romoppvarming og tidsur for nattsenking av temperaturen.
  • Hald innetemperaturen på 19-22 grader. For kvar grad du senker temperaturen, sparer du ca. 5 prosent av kostnadane til oppvarming.
  • Bruk lavenergipærer ute, i kalde rom og på vanskeleg tilgjengelige stader.
  • Fyr med ved!
  • Skru TV'en og andre elektriske apparat heilt av når dei ikkje er i bruk.

Kva er nettleige, og kvifor må eg betale det?

Nettleige er prisen du betaler for å vera tilknytta straumnettet.

Denne prisen er uavhengig av det du betaler til kraftleverandøren din. Alle forbrukarar må betale nettleige til sitt nettselskap. Nettleiga skal mellom anna dekke drift og investeringar i nettet. Nettutvidingar, oppgraderingar og auka avgifter frå myndighetene vil gi auka nettleige.

Det nordiske kraftmarkedet (NordPool)

All kraft Fitjar Kraftlag leverer blir kjøpt inn på Nord Pool Spot. Nord Pool Spot er den nordiske kraftbørsen.

370 selskap frå 20 land handlar straum frå Nord Pool Spot. Totalt vert det handla for om lag 490 TWh.

Les meir om Nord Pool Spot her.

Gasta Design