Vilkår og betingelsar

Generelle avtalevilkår

Les meir her

Betalingsbetingelsar

Fitjar Kraftlag fakturerer alle sine kunder på etterskot.

Angrerett

Fyll ut skjema

Elsertifikat

Elsertifikat er ei støtteordning for kraft produsert frå fornybare energikilder. Kraftkundane finansierer ordninga over straumrekningen, gjennom at kraftleverandørane legg elsertifikatkostnaden inn i kraftprisen. Denne finansieringa vil vare fram til utgangen av år 2035.

Kva tyder dette for deg?

Kraftleverandøren er pålagt å kjøpe elsertifikat for ein del av forbruket ditt. Dei kostnadane kraftleverandøren har ved kjøp av elsertifikat skal inngå i den på førehand avtalte kraftprisen, og skal ikkje skiljast ut som ein eigen kostnad ved avtaleinngåelse eller på fakturaen din.

Elsertifikata inngår i den avtalte prisen

Årsaka til at kostnadane til elsertifikat skal inngå i den avtalte prisen, er at du som forbrukar på førehand skal vite kva pris du betaler for krafta di (også inkludert elsertifikat) og gjera det enklare for deg å samanlikne ulike kraftavtalar.

Prisen på elsertifikat vert avgjort av tilbod og etterspørsel, og elsertifikatkostnaden representerer difor ikkje ein fast kostnad for kraftleverandørane. Krava gir dermed kraftleverandørane insentiv til å kjøpe elsertifikat til lågast mogleg kostnad slik at dei kan konkurrere om å tilby lavast totalpris på straumen dei leverer.

Gasta Design